Åmot operagard vann kultur- og næringsprisen

Opera Norge-medlem Åmot Gard i Bygstad og Sparbutikken på Sande fekk i går tildelt den prestisjetunge Kultur- og næringsprisen for 2011.

Prisen får dei for det juryen meiner er eit nyskapande og fruktbart samarbeid mellom kulturlivet og næringslivet:

«Partane har gjensidig utnytta kvarandre sin kompetanse for å styrke kulturbasert næring, og lokalt omdømme for regionen Sunnfjord i Sogn og Fjordane. Konkret har Åmot Operagard brukt Spar Sande som mentor for å utvikle dei kulturbaserte næringane ved garden.»

Steinar Sørli og Yngve Brakstad står bak operagarden, og fekk torsdag prisen av statsråd Anniken Huitfeldt under ei tilstelling i Oslo.

Kultur- og næringsprisen vart delt ut første gong i 2009, og vert no arrangert annakvart år.

Les meir her: http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/1.7765351

Og her: http://www.kulturognaringsliv.org/

Massenet feels it as a Frenchman, with powder and minuets. I shall feel it as an Italian, with desperate passion.

-- Puccini, quoted in M Carner, Puccini (1974)